RIB tur 3+ timar

Fra NOK 1'595

Turen startar i Eidfjord Hamn etter påkledning, og ein kort sikkerheits gjennomgang. Deretter vil turen gå til Osafjorden, og seinare Ulvikfjorden. Me vil ha fleire stop undervegs, utan å gå ut av båten, der båtføraren vil fortelja litt om det me ser. Det kan være lurt å ha fotoapparat lett tilgjengeleg. Osafjorden er ein langstrakt fjord med fleire veglause småbruk, og det kan være aktuelt å gå i land her for å sjå på kulturhistoriske stader dersom været og passasjerane sin fysikk tillèt det.
Etter Osafjorden så fortset me til Ulvik Hamn der me gjer ein lengre stopp, og tilrettelegg for  eit besøk på Siderruta.  Siderruta er tre lokale siderprodusentar i Ulvik som har opna gardane sine for besøk, sider smak og sal.  Denne turen vil væra tilgjengeleg i perioden 01.06-31.08.

Fra NOK 1'595

Bestill nå!

Reiserute

  1. Eidfjord