Aktiv helg i Hardanger

Trugeturer eller sideropplevelse

kombinert med god mat,

og RIB tur på fjorden  


 

Bu i Kinsarvik. Trugetur til Oksen

Denne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavo i Kinsarvik fredags kveld kl. 19:00 der alle vert litt kjente, og avtalar vert gjort for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk 15-19:00. Laurdag morgon vert det avreise med RIB båt frå Kinsarvik Hamn kl. 08:00, over Hardangerfjorden til Tjoflot der trente fjellguidar vil føra dykk til toppen av Oksen.  Oksen er eit populært turmål både summar og vinter, og det vert over 1200 høgdemeter å gå. Noko grunntrening er anbefalt. Utsikta frå Oksen er imidlertid vel verdt turen, og på ein godværsdag kan ein sjå heilt ut til havet, Restauranten Gløyp stiller med matpakke til turen laurdag morgon. Hardanger Fjordsafari hentar dykk med RIB båt på ettermiddagen, og skyssar over att til Kinsarvik.  Dersom været tilseier det kan me setta inn ein minibuss i staden for RIB ein eller begge vegar, men det vert vår vurdering. Laurdag kveld 20:00 vert det trerettars middag på Restauranten Gløyp, som også stod for maten i lavoen fredag kveld. Det vert her fokus på lokale råvarer og drikke. Sundag er det utsjekk frå hyttene innan klokka 12:00, og opphaldet inkluderer sengetøy og utvask. Det er korte avstandar i Kinsarvik og bilen har mest sansynleg stått i ro heile helga. Kontakt oss gjerne for utfyllande informasjon, eller dersom du vil ha ei opplegg spesielt tilpassa ein større gruppe.

FraNOK 5'995
Bestill nå!

Bu i Kinsarvik. Sidertur på Hardangerfjorden

Denne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavo i Kinsarvik fredags kveld kl. 19:00 der alle vert litt kjente, og avtalar vert gjort for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk 15-19:00. Laurdag  vert det avreise med RIB båt frå Kinsarvik Hamn kl. 11:00. Turen går innover sørover i retning Lofthus, men me tek oss  tid til å studere litt fugle og dyrelivet på vegen. Tanken er å bruke ein time på sjøen før de vert satt i land på Lofthus. Der får de ei sidersmaking på ein serveringsstad som heiter Ekspedisjonen, som også eigenproduserer sider. Etterpå vert det ein tur til Helleland Gard som produserer merkevara Heldre for prøvesmaking. Med gardsutsal for sider vert det også mogeleg å handle med seg sortane ein har smakt på. Shuttlebus Hardnager hentar dykk på Helleland Gard den ettermiddagen, og skyssar tilbake til Kinsarvik. Laurdag kveld 20:00 vert det trerettars middag på Restauranten Gløyp, som også stod for maten i lavoen fredag kveld. Der vert det fokus på lokale råvarer og drikke. Sundag er det utsjekk frå hyttene innan klokka 12:00, og opphaldet inkluderer sengetøy og utvask. Det er korte avstandar i Kinsarvik og bilen har mest sansynleg stått i ro heile helga. Kontakt oss gjerne for utfyllande informasjon, eller dersom du vil ha ei opplegg spesielt tilpassa ei større gruppe.

FraNOK 5'495
Bestill nå!

Bu i Kinsarvik. Trugetur til Trolltunga

Denne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavo i Kinsarvik fredags kveld kl. 19:00 der alle vert litt kjente, og avtalar vert gjort for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk 15-19:00. Laurdag morgon vert det avreise med minibus frå Kinsarvik Camping kl. 06:00, for å rekke oppmøtetidspunktet 07:30 i Skjeggedal.  Me kjøper guidetjenesten frå Trolltunga Active, og de kan lese meir om deira beskrivelse av turen her. Restauranten Gløyp stiller med matpakke til turen laurdag morgon. Shuttlebus Hardanger hentar dykk med minibus på kvelden, og skyssar dykk tilbake til Kinsarvik.  Laurdag kveld 20:00 vert det trerettars middag på Restauranten Gløyp, som også stod for maten i lavoen fredag kveld. Det vert her fokus på lokale råvarer og drikke. Sundag er det utsjekk frå hyttene innan klokka 12:00, og opphaldet inkluderer sengetøy og utvask. Det er korte avstandar i Kinsarvik og bilen har mest sansynleg stått i ro heile helga.

FraNOK 5'995
Bestill nå!