Bu i Kinsarvik. Trugetur til Oksen

Fra NOK 5'995

Denne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavo i Kinsarvik fredags kveld kl. 19:00 der alle vert litt kjente, og avtalar vert gjort for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk 15-19:00.

Laurdag morgon vert det avreise med RIB båt frå Kinsarvik Hamn kl. 08:00, over Hardangerfjorden til Tjoflot der trente fjellguidar vil føra dykk til toppen av Oksen.  Oksen er eit populært turmål både summar og vinter, og det vert over 1200 høgdemeter å gå. Noko grunntrening er anbefalt.
Utsikta frå Oksen er imidlertid vel verdt turen, og på ein godværsdag kan ein sjå heilt ut til havet, Restauranten Gløyp stiller med matpakke til turen laurdag morgon.

Hardanger Fjordsafari hentar dykk med RIB båt på ettermiddagen, og skyssar over att til Kinsarvik.  Dersom været tilseier det kan me setta inn ein minibuss i staden for RIB ein eller begge vegar, men det vert vår vurdering. Laurdag kveld 20:00 vert det trerettars middag på Restauranten Gløyp, som også stod for maten i lavoen fredag kveld. Det vert her fokus på lokale råvarer og drikke.

Sundag er det utsjekk frå hyttene innan klokka 12:00, og opphaldet inkluderer sengetøy og utvask. Det er korte avstandar i Kinsarvik og bilen har mest sansynleg stått i ro heile helga.

Kontakt oss gjerne for utfyllande informasjon, eller dersom du vil ha ei opplegg spesielt tilpassa ein større gruppe.

Fra NOK 5'995

Bestill nå!

Reiserute

  1. Kinsarvik
  2. Utne
  3. Kinsarvik