Bu i Kinsarvik. Sidertur på Hardangerfjorden

Fra NOK 5'495

Denne opplevelseshelga startar med ein røff matopplevelse i lavo i Kinsarvik fredags kveld kl. 19:00 der alle vert litt kjente, og avtalar vert gjort for neste dag. Innkvartering skjer i hytter hjå Kinsarvik Camping med innsjekk 15-19:00.

Laurdag  vert det avreise med RIB båt frå Kinsarvik Hamn kl. 11:00. Turen går innover sørover i retning Lofthus, men me tek oss  tid til å studere litt fugle og dyrelivet på vegen. Tanken er å bruke ein time på sjøen før de vert satt i land på Lofthus. Der får de ei sidersmaking på ein serveringsstad som heiter Ekspedisjonen, som også eigenproduserer sider. Etterpå vert det ein tur til Helleland Gard som produserer merkevara Heldre for prøvesmaking. Med gardsutsal for sider vert det også mogeleg å handle med seg sortane ein har smakt på.

Shuttlebus Hardnager hentar dykk på Helleland Gard den ettermiddagen, og skyssar tilbake til Kinsarvik. Laurdag kveld 20:00 vert det trerettars middag på Restauranten Gløyp, som også stod for maten i lavoen fredag kveld. Der vert det fokus på lokale råvarer og drikke.

Sundag er det utsjekk frå hyttene innan klokka 12:00, og opphaldet inkluderer sengetøy og utvask. Det er korte avstandar i Kinsarvik og bilen har mest sansynleg stått i ro heile helga.

Kontakt oss gjerne for utfyllande informasjon, eller dersom du vil ha ei opplegg spesielt tilpassa ei større gruppe.

Fra NOK 5'495

Bestill nå!

Reiserute

  1. Kinsarvik
  2. Grimo
  3. Aga
  4. Lofthus