RIB tur 60 minutter

Fra NOK 730

Turen startar i Eidfjord Hamn etter påkledning, og ein kort sikkerheits gjennomgang. Me vil ha fleire stop undervegs, utan å gå ut av båten, der båtføraren vil fortelja litt om det me ser. Det kan være lurt å ha fotoapparat lett tilgjengeleg.  Ein stopp vil være i Hotle der det går geiter ute som kjem ned til båten, ved ein annan stopp er det ofte kobbe å sjå i sjøen eller på land. Det er eit rikt fugleliv i Eidfjorden av spesielt sjøfugl, men dette varierer også litt med årstidene.

Når båten stoppar innerst i Simadalsfjorden så befinn me oss ved eit av Noregs største kraftverk, der  produksjonen gjeng føre seg inne i fjellet. Me vil fortelje litt om kraftstasjonen, og sette det i samanheng med andre serverdigheiter som me ikkje når med båten, slik som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen.  Simadalsfjorden er visuelt flott, med sine bratte fjellsider og fleire små fossar.

Når me seinare plasserer oss midt ute i Eidfjorden vil me sjå Eidfjord samfunnet, fjellgardane Kjeåsen og Skår, Hardangerbrua og Hardangerjøkulen. Der vil fortelje litt om kva som har forma naturen, folk og samfunnet me ser. Ein tur med oss kan sikkert påverke kva du vil sjå og gjera etter at du kjem på land att.

Eit alternativ til kraftstasjonen i Simadalsfjorden, er å køyre ut til Hardangerbrua for å studere den frå sjøen.  Her er mykje å fortelje om byggeprosess og dimensjonar. Undervegs dit passerer me ein foss som kjem nesten oppi båten på ein regnværsdag, og stadar med kulturhistorisk betydning.  Det vert ikkje tid til Simadalsfjorden og Hardangerbrua på same tur, så passasjerane eller vindtilhøve påverkar dette.

Fra NOK 730

Bestill nå!

Reiserute

  1. Eidfjord